Større flokker med sterkere smittepress, endringer i vær/klima og utvikling av resistens er nokre av fleire faktorar som speler inn.
Det blir stadig viktigare å behandla dyra på rett måte for å møta utfordringane korrekt.
Me må behandla dyra med de rette medikamenta og korrekt dosering. Vidare er tidspunkt for behandling viktig, og at me gjer inn de dyra så treng det – og ikkje de det er unødvendig å behandla.
Nå er sommaren i anmarsj og mange av oss køyrer smalen til fjellbeite i desse dagar. Det er som regel slik at sender du friske og reine dyr på fjellet om våren – får du friske dyr att når hausten kjem.
Mange sauer går likevel heima om sommaren, på innmark og kulturbeite. Her er smittefaren og smittepresset høgare. Her er det viktig med korrekt behandling både med tanke på dyrevelferda, trivsel, tilvekst og utvikling av resistens.
Avføringsprøver er eit veldig godt hjelpemiddel for å veta korleis du skal møte snyltar utfordringa på best måte.
Resultata av prøvane kan du diskutera med din dyrlege for å lage ein tilpassa behandlingsplan for di besetning.
Se Animalia si brosjyre om rundorm på sau
Ta gjerna kontakt med ein av oss i Fatland om du lurer på meir om avføringsprøvar/ eggtelling.
Publisert 01.07.2019 kl 19:13
Oppdatert 20.11.2023 kl 12:11