Siste nytt

IMG 2448

Rolf Gunnar Husveg vert ny dagleg leiar på Fatland Jæren

-  Me er kjempenøgd med at Husveg takka ja til denne jobben, seier konsernsjef Anders Hundseid.

Lang karriere i Fatland

Dei siste tre åra har Husveg jobba for Statsforvaltaren innan landbruk, men før dette jobba han i heile 23 år som produsentrådgivar i Fatland.

- I Rolf Gunnar har me fått ein ressursperson som kjenner Fatland-systemet godt. Ikkje minst har han ein solid kunnskap som er relevant for oss. Eit kupp, vil eg seie. Ein meir kompetent leiar på Jæren kunne me ikkje fått, seier styreleiar Svein Fatland nøgd.

Husveg seier han er glad for å få nye oppgåver i Fatland. Samstundes gjev han utrykk for at jobben hos Statsforvaltaren har vore lærerik og nyttig.

- Eg er veldig nøgd med jobben eg har per i dag og eg var ikkje på utkikk etter ny jobb, men då eg fekk dette tilbodet kunne eg ikkje takka nei. Eg er audmjuk og motivert, seier Husveg.

Den nye leiaren startar i stillanga seinast i april 2022.

Stor satsing på Jæren

Anders Hundseid seier at ein vil få fleire gode nyheiter frå Fatland framover.

- Me vil styrka fleire delar av organisasjonen, særleg har me fokus på tilbodet til produsentane våre.

Konsernsjefen legg også til at det vil bli vidare utvikling av anlegget på Jæren, særleg knyta til foredling og utvikling av gode norske produkt.

- Det blir mykje kjekt og spennande som skjer i Fatland framover, og me gler oss til å dele meir om dette snart.

Andre saker