Siste nytt

Blæsever Trond

Prognosert prisløype for sau og lam

Prognosert prisløype for lam 1. halvår 2024

Måndag 1. januar 2024 (veke 1) gjekk noteringsprisen opp med kr 1,60, og omsetningsavgifta gjekk ned med kr 0,40 => avrekningsprisen auka med kr 2,00 per kg. Grunntilskotet auka med kr 1,00

Måndag 27. mai 2024 (veke 22) går noteringsprisen/avrekningsprisen opp med kr 4,00

I tabellform ser det slik ut:

Veke        Dato          Noteringspris     Grunntilskot    Omsetningsavgift      Prisendring
1              01. jan          +kr 1,60                 +kr 1,00             -kr 0,40                  +kr 3,00 pr kg
22            27.mai          +kr 4,00                                                                         +kr 4,00 pr kg

Prisprognosen viser prisutviklinga på lam for 1. halvår 2024. Prisendringa gjeld lam slakta i vektgruppe 13-25 kg, og inkluderer grunntilskot og omsetnadsavgift.

Prognosert prisløype for sau og ung sau 1. halvår 2024:
Det er ikkje prognosert noko endring i noteringsprisen for sau 1. halvår 2024, men omsetningsavgifta gjekk ned med kr 0,40 måndag 1. januar => avrekningsprisen auka med kr 0,40.

Elles vart det i jordbruksavtala for 2023/2024 gjort endring på pristilskot som blir utbetalt av slakteria.

Fylgjande endringar gjeld frå 1. januar 2024:
- Kvalitetstilskot for lam i klasse O+ eller betre, aukar frå kr 525,- til kr 545,-. Merk at det IKKJE vert utbetalt kvalitetstilskot etter telledato 1. mars, og fram til 15. april!
- Kvalitetstilskot for kjeslakt aukar frå kr 350,- til 420,- i 2024. Vektgrensa for kvalitetstilskotet på kjeslakt er heva frå 3,5 til 5,0 kg.

Andre saker