La om til SPF og har ikkje angra ein dag

Gris
Bonden
Økonomi
Publisert:
January 6, 2026
La om til SPF og har ikkje angra ein dag

Einar Haugen i Etne driv ei avlsbesetning med SPF purker og omsetter smågris. Han la om til SPF-gris i desember 2020. Han peikar på at drifta var god også før, men at skilnaden etter omlegginga er tydeleg.

– Me har mykje mindre problem med sjukdom. Grisane er friskare, trivselen er betre og kvardagen er enklare.

Store grep

I 2020 bygde Haugen på grisehuset med rundt 500 kvadratmeter og oppgraderte resten av bygningane.

– Når ein først har brukt så mykje pengar på bygg, er det ein stor kostnad å investere millionar i nye dyr også. Samstundes var det, og er det verdt det.

Motivasjonen for å legge om handla både om drift og framtid.

– Eg kjende at det blei for dumt å ikkje ta steget når me først bygde om. Me fekk noko støtte frå Innovasjon Noreg, og når alt stod tomt ei stund, var det lettare å gjere det skikkeleg.

Klare gevinstar i drifta

Etter snart fem år med SPF gris ser Haugen klare gevinstar.

– Smågrisen veks raskare. Me leverer om lag ei veke tidlegare enn før, og det sparer oss for ein del fôr. Det gir betre økonomi og meir trygg drift.

– Eg har ikkje angra ein einaste dag. SPF har gjort garden betre rusta for framtida, og eg vil absolutt anbefale andre å vurdere det same valet. Det er berre å hoppe i det.

Fatland ser same utvikling

Produsentrådgivar i Fatland Jæren, Olav Tjelta, seier erfaringane frå bønder som har lagt om til SPF er tydelege.

– Utfordringa er ofte å få tru på at det er lønnsamt. Investeringa er stor, og det er naturleg med skepsis. Samstundes viser erfaring at mange tener det inn raskare enn dei trur. For fleire snakkar vi om rundt tre år.

Fatland støttar SPF fullt ut

Dagleg leiar i Fatland Jæren, Rolf Gunnar Husveg, seier Fatland ønskjer at flest mogleg legg om til SPF.

– SPF er eit viktig løft for næringa. Det gir betre drift, betre dyrehelse og betre dyrevelferd. Samstundes styrkar det omdømmet til norsk svineproduksjon.

Husveg peikar også på at SPF gir gevinstar utover den enkelte gard.

– Mindre sjukdom gir mindre bruk av antibiotika, betre fôrutnytting og lågare klimaavtrykk. SPF er ei investering for framtida, både for bonden og for samfunnet.

Kontaktpersoner

Roxana Mihaela Schomann

Rådgiver Gris

Dokumenter

No items found.

Du vil også like

Om oss

Fatland lager Norges mest solgte pinnekjøtt

Henriettes Pinnekjøtt Urøkt var Norges mest solgte pinnekjøtt i 2024, og i år venter Coop ytterligere salgsvekst av folkefavoritten.

Fatland
Om oss

Dette er Fatland

Dette er historien om Fatland fra oppstart til i dag

Bonden
Om bonden

Over 100 barn og voksne møtte opp til kuslipp hos familien Horpestad

Bli med på kuslipp hos familien Horpestad.

Person med hestehale og grønn mønstret genser blant en flokk med sauer i bevegelse.

Hold meg oppdatert

Få oppdateringer om priser, frister og nyttig fagstoff direkte fra Fatland. Vi sender deg det som er relevant for bonden, enkelt og oversiktlig.

Meld meg på nyhetsbrev
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Sånn, da får du oppdateringer fra oss rett i innboksen.

Ønsker du å registrere en til? Trykk på ‘registrer en til’ og velg de emnene som passer best for vedkommende. Vil du endre hvilke nyheter du mottar? Du kan oppdatere innstillingene via lenken i e-postene fra oss.

Fatland bilde av en som sitter foran en pc