Rekord i skjæreavdelinga hos Fatland på Jæren

Gjengen i skjæreavdelinga på Hommersåk sette ny rekord sist veke. På ein dag skar dei 406 storfe.
Arbeidet krev både presisjon, erfaring og godt samarbeid. Laget i avdelinga består av erfarne kjøttskjerarar som held høgt tempo, samstundes som kvaliteten skal vere på topp.

Skjæreformann Stig Dalva rosar innsatsen frå kollegaene.
– Dette er ein gjeng med mange års erfaring og stor ståpåvilje. Dei leverer kvalitet kvar dag, og tempoet er imponerande. Klart eg blir stolt av gjengen når vi får til ein dag som dette, seier Dalva.
Han legg til at æra ikkje berre går til skjærarane.
– Når vi skjer så mykje kjøt, må også dei på pakkeavdelinga opp i tempo for å få pakka alt. Dei gjer ein viktig jobb. Her er det godt samarbeid og lagånd i heile avdelinga, seier Dalva.
Skjæreavdelinga på Jæren spelar ei viktig rolle i norsk matproduksjon. Her blir rundt 25 prosent av storfeet i Noreg skore.
Rekorden frå førre veke viser kva som er mogleg når dyktige fagfolk jobbar godt saman.


Hold meg oppdatert
Få oppdateringer om priser, frister og nyttig fagstoff direkte fra Fatland. Vi sender deg det som er relevant for bonden, enkelt og oversiktlig.
Sånn, da får du oppdateringer fra oss rett i innboksen.
Ønsker du å registrere en til? Trykk på ‘registrer en til’ og velg de emnene som passer best for vedkommende. Vil du endre hvilke nyheter du mottar? Du kan oppdatere innstillingene via lenken i e-postene fra oss.









