Fatland Jæren: Endring i returkøyring frå 1. juli 2026

Endring i returkøyring frå 1. juli 2026
Vi har ei lita endring å informera om når det gjeld returkøyringa hos Fatland Jæren.
Frå 1. juli 2026 blir det Nor-Log som står for sjølve transporten av returvarer, i staden for Fatland Jæren sin eigen returbil.
Bakgrunnen er nye krav og regelverk som gjer at vi ikkje lenger kan oppretthalda returkøyringa med eigen bil i den forma vi har hatt.
For deg som produsent blir det meste som før:
- Henting hjå Fatland Jæren er framleis gratis – me blir alltid glade for å sjå deg!
- Du bestiller køyring hjå oss som vanleg
- Du får faktura frå Fatland Jæren som vanleg
- Du kan også henta på Nor-Log-terminal i Stavanger eller Kristiansand dersom du ynskjer det
Det som endrar seg:
- Nor-Log køyrer ut på faste dagar i veka, vi kjem tilbake til kva dagar som gjeld.
- Prisen blir justert til 450 kr opp til 100 kg, og 4 kr per kg over 100 kg. Det er ein auke på 50 kr i minsteprisen, og speglar den generelle kostnadsauken i samfunnet.
Dette er ei ny ordning vi skal prøva ut resten av året, og vi vil evaluera korleis det fungerer på nyåret.
Innspel undervegs er velkomne.
Har du spørsmål, ring oss på 48086032, eller send e-post til returen@fatland.no.

Hold meg oppdatert
Få oppdateringer om priser, frister og nyttig fagstoff direkte fra Fatland. Vi sender deg det som er relevant for bonden, enkelt og oversiktlig.
Sånn, da får du oppdateringer fra oss rett i innboksen.
Ønsker du å registrere en til? Trykk på ‘registrer en til’ og velg de emnene som passer best for vedkommende. Vil du endre hvilke nyheter du mottar? Du kan oppdatere innstillingene via lenken i e-postene fra oss.
















