High in the mountains shepherds graze cattle among the panorama of wild forests and fields of the Carpathians. After the rain is a beautiful mist at dawn. Sheep provide wool and milk, meat

Med sauen til fjells: Naturens eigen kjøttproduksjon!

Tidligare i sommar fekk småferådgivar Tore Oftedal vera med då sauene til Fatland-bonden Norodd Sikveland skulle til sommarbeite.

Les reisebrevet hans får turen under:

Saman med familien driv Norodd Sikveland gard på Sikveland i Time kommune.

Her har dei ku, sau og sommarinnsett med gris. Dei har alltid hatt sau på garden, men då dei for nokre år sidan bygde nytt smalhus auka også behovet for beiteareal.

Løysninga på dette blei å sende deler av flokken på sommarbeite i heia.

Norodd fortel at dei har sauene i «Rysstad heia». Same heia som faren hadde då han var unge.

Det er ein lang tur inn til dei frodige sommarbeitene, og klokka fire neste morgon står me opp, snører sekken, og legg i veg.

Turen går til skiljegardane ved Rosskreppfjorden.

Det er sauegjetar og heiasjef Øyvind Madland som løyser drifta og leder an.

Me går sørover, kryssar Hytteheia og kjem til Rågelonå. Ei lita elv med ei smal bru over.

Kvar vår går nesten 10.000 sauer over denne vesle brua på veg til sine sommarparadis i heiane.

Her er også ein naturleg pauseplass både for folk og smale.

Dyra fell raskt til ro medan folka nøre opp ein liten varme og kokar kaffikjelen – det gjev varme og styrke.

Vidare går turen over bakketoppar, dalføre, over snøfenner og grassletter før me ender opp med den gamle gjetarhytta på «Modn».

Sauene får kvila på ei avgjerda halvøy med, gjetarane går til hytta og får mat og kvile før neste dag.

Dagen etter fortsetter ferda sørover. Det er tydeleg at sauene kjenner seg igjen, dei er ivrige – vil framover.

Dei kjenner godt det frie livet som ventar dei neste 10-12 vekene.

Plutseleg er me med plassen som heiter «Falkarlegå», her stoppar ferda, og dyra kan endeleg nyta at dei er framme.

Ein etter ein ser me dei vaksne sauene tek med seg lamma sine og ruslar i kvar sin retning.

Dei har vert her før, kjenner området og går no mot sine favorittbeiter. Fjellgras, urter, buskvekstar, småbjørk og lyng står på menyen no.

Friske beiter som aldri har sett korkje kunstgjødsel, sprøytemiddel, landbruksmaskinar eller andre framande element. Friske beiter som dei neste månadane produserer det som kanskje er verdas beste lammekjøt.

Til ettertanke:

I alle tider har nordmannen nytta naturen rundt seg for å overleva. Kjøt, fisk og det som veks frå jorda. Sjølv om me i dag lever i 2020 er det framleis dei ur-gamle prinsippa som gjeld, me hauster av naturen for å setja mat på bordet!

På mange områder er matproduksjonen sterkt spesialisert og effektivisert dei siste 10-åra i takt med teknologisk utvikling. Men ikkje alt, me har framleis tradisjonar og produksjonsmåtar som er nesten like som for 100 år sia.

Heiaføringa av småfe er eit døme på dette. I fleire hundre år har bøndene samla smalen om våren for å driva dei opp i høgfjellet. Her oppe har dei nytta dei reine, friske og frodige fjellbeitene i sommarmånadane for så å koma heim igjen om hausten; større, tyngre og slaktemogne.

Lammekjøtet som vert produsert på denne måten er så reint og velsmakande som berre vår fantastiske natur kan gje oss. Naturressursane som dannar grunnlaget for dette og måten kjøtet vert produsert på gjer desse produkta (lammekjøtet frå fjellbeitene) til noko av det mest bærekraftige, miljøvennlege, framtidsretta og velsmakande me kan eta: Berre prøv sjølv.

Vennleg helsing Tore Oftedal

Publisert 23.07.2020  kl 10:59

Oppdatert 14.12.2020  kl 09:50

Andre saker