No går det fort mot vår og hjå dei aller tidlegaste har lamminga allereie starta.
Den norske sauen er fruktbar og hjå mange har fosterteljinga vist ganske høge lammatal. Dette betyr at det vert nokre overskotslam (kopplam/ alelam).
Det er lurt å planlegge ein strategi for kva ein skal gjera med desse lamma.
Det varierer frå gard til gard (ut i frå dyretal, driftsform og ressursgrunnlag) kva strategi som passer best. Uansett vil me no lansere ei prisprognose på lammeslakt i perioden 13.april – 25.juni.
Fatland ynskjer ikkje å stimulera til ei auke i leveranse av tidleglam. Det er fordelaktig at flest mogelg lam vert slakta etter 1.august.
Likevel, på grunn av den gode utviklinga Fatland opplever i slakting og sal av norsk kjøtt, aukar slakteriet utbetalingspris til bonden med 2 kr/kg for tidleg lam i år. Dette er ei positiv utvikling!
Sjå kriterier og prisprognose under:
Ynskjer du som bonde hjelp til å lage ein plan for overskotslamma på din gard, eller har spørsmål om lamminga generelt, ta gjerna kontakt med din slakterirådgjevar.
Hilde K. Håland
Produsentrådgiver Fatland
Telefon: 98242214
Tore Oftedal
Produsentrådgiver Fatland
Telefon: 96946181