Me går rett på:
• Hugs teljedato 1.mars
• Produksjonstilskot pr. sau < 150 stk. er 883,-. Produksjonstilskot pr. sau >151 stk. er 194,-
• Lammeslakt-tilskotet for dyr født i 2020 (450kr/ O+ eller betre) fell bort 1. mars
• 1.mars er også teljedato for avløysartilskotet. Ein sau eller lam, gjev grunnlag for 458 kroner i avløysartilskot. Maks avløysartilskot er 83.400 kroner. (Tilsvarande 182 sau/lam)
Hugs at andre produksjonar på garden også løyser ut avløysartilskot. Har du til dømes storfe i tillegg til sauen, trenger du ikkje så mykje sau/lam for å fylle kvota.
• 15.april går dyr født i 2020 frå slaktegruppe «lam» til «ung sau eller ver». Hugs å slakte lamma dine før dette!