Siste nytt

DSC 7273

Dette betaler me for småfe i haust

11. juli 2019

Sommaren går fort og det er snart tid for ny slaktesesong på småfe for Fatland sine slakteri. Både bonde og slakteri førebur seg til travle haustveker. Det er viktig for begge partar å vera godt førebudd. Bonden skal få fram gode lam, slakta til rett tid - med omsyn til både slaktekvalitet og økonomi. Slakteria skal handtere inntransport, slakting, foredling og sal av råvarene. Det er ei travel, men kjekk tid – me gler oss.

Basert på erfaringane frå 2020-sesongen og forventningane til salet komande haust har me no utarbeida prislista for sau og lam 2021.

Under syner me endringane og forklarer kvifor me gjer disse, samt ein full oversikt på pris, bonus og tillegg.

Lam

Det siste året har salet vore godt, både på ferskvare og juleprodukt. Fatland går inn i ein ny sesong utan lam på lager. Arbeidet med å marknadsføre og selje produkt frå norske lam pågår heile året hjå oss. Lam av god kvalitet er lettast å omsetja - me vil at prisane skal spegla dette.

Kvalitet skal løna seg:

  • Elitelam: her endrar me kriteria litt, no får også lam i feittgruppe 3+ Elitelam tillegg 3 kr/kg. Årsak til denne endringa er at me opplever godt sal på gode lam, det inkluderer også lam i 3+ kategorien.

  • Elitelam Pluss: Hjå Fatland har store lam auka verdien sin dei siste åra, spesielt i pinnekjøt produksjonen. Derfor fjernar me no øvre vektgrense. Me hevjar også meirprisen til bonde for Elitelam Pluss til 7 kr/kg.

  • Sesongtillegg lam: Fatland betaler i år eit høgare sesongtillegg i veke 36 og 37. Dette er eit grep for å redusera prisfallet mange bønder opplever på lamma som kjem heim frå fjell- og heiabeite dei fyrste vekene i september.

Sau

Fatland har i fleire år jobba knallhardt for å halde oppe salet av sau. Me har selt alt av eigenslakta sau og har også kjøpt mykje sau frå andre aktørar i marknaden for å dekke opp om salet. Me er veldig glade for at marknaden for alvor har vakna og at det no er stor etterspurnad på sauekjøt. I fjor tok Fatland ansvar og innførte gode kvalitets- og sesongtillegg på sau for å auke pris til bonde på saueslakt.

Det siste året har me heldigvis sett at avregningsprisen på sau har betra seg kraftig. Dette er ei utvikling Fatland er glade for – me er også glade for å kunne bekrefta at me fortsetter med våre tillegg på saueslakt.

Dette betyr at den som planlegger saueslaktinga si kan oppnå gode prisar. Sjå priseksempel på sauer slakta i kampanjeveker under*:

Avrekningspris kr/kg 16,10
Grunntilskot kr/kg  3,60
Fatland Sau tillegg kr/kg  4,00
Sesongtillegg kr/kg  2,00
Puljetillegg (eller søndagslevering) kr/kg  4,30
Omsetningsavgift (denne kan endras) kr/kg -1,80
Totalt kr/kg  28,2

*Sauene må slaktas i veke 33-35 eller 43-45 for å oppnå desse prisane

*Avrekningspris, grunntilskot og omsetningsavgift er pr.05/07/21

* Gjelder sau i klasse R+ utan feittrekk

Kvalitetstillegg småfe hausten 2021

  • Elitelam: + kr. 3,00/kg. i kl. O+ og bedre, fettgruppe 1+ til 3+, nedre vektgrense 15,1 kg - ingen øvre vektgrense.
  • Elitelam Pluss: + kr. 7,00/kg. i kl. R og bedre, fettgruppe. 1+ til 3, nedre vektgrense 18,1kg – ingen øvre vektgrense (Elitelam Pluss tas vekk fra og med 1.nov).
  • Fatland Sau: + kr.4,00/kg i kl. O+ og bedre, fettgruppe 2- til 3+, nedre vektgrense 23 kg – øvre vektgrense 45 kg.

Optilam-tillegg (for heile året)

1.000 til 1.999 kg/år kr 0,60/kg
2.000 til 2.999 kg/år kr 1,10/kg
3.000 til 3.999 kg/år kr 1,40/kg
4.000 til 4.999 kg/år kr 1,70/kg
5.000 til 5.999 kg/år kr 2,00/kg
Over 6.000 kg/år kr 2,10/kg

Fatlands prisprognose på lam hausten 2021

Me har laga ei prisløype på lam for hausten 2021. Denne prisen gjelder lam slaktet i klasse R, puljetillegg på 200-299, Elite Pluss med 7 kr/kg og inkluderer også grunntilskot og sesongtillegg.

Villsaukampanje

Villsau i kategorien ung sau over 11,1 kg. ,i klasse O-, og bedre, blir betalt med kr 30,0 ekstra pr. kg. i august. Slakting av disse dyra vil skje i veke 34.

Dersom du skal dra nytte av denne kampanje må dyra meldast inn til veke 34.

Tørre og reine dyr med elektroniske merker: Bedre betalt for ulla

Sau og lam må vera tørre ved levering til slakteriet. Levering av våte dyr kan medføre trekk på ulla. Derfor dyra under tak dagen før levering for å bli tørre.

Ver nøye med dette!

Småfe utan elektronisk øyreemerke vil ikkje få ulloppgjer. Dette grunn i at me veg og klassifiserar kvar fell, og registrerer individet med lesestav på det elektroniske merket. Dette vil også gje betre informasjon til avlsarbeidet ditt.

Lever den ulla dykk klypper heima til Fatland Ull i Ølen (53 77 55 00), Hommersåk (51 66 93 93) og Oslo (99 03 19 96).

App og innmelding på nett - rett antall i god tid

For å sikre god og effektiv slakting og videreforedling er det viktig med rett innmelding i god tid. Difor oppfordrar me alle til å bruka appen.

Les mer om appen her.

Søndagslevering til Fatland Ølen og Fatland Jæren

Søndagslevering til Fatland Ølen og Fatland Jæren gjev deg pristillegg som tilsvarer maks pulje (over 200 dyr) uansett antall dyr levert.*

Ønsker du å levera slakt på søndager i sesongen skal dyra vera innmeldt innan tirsdagen før. Første søndagslevering er søndag 15. august.

* Gjelder berre ved egenlevering på søndager.

Søndagsåpningstider
Ølen: 11.00-16.00.
Jæren:13.00-16.00.

Retur av slakt og skinn – bruk skjema og merker

Me ønskjer at dykk skal bruka skjema for «Detalj om retur». Dette kan du hente direkte her.

Sjåførene har også dette skjema i bilen, men me ønskjer at dette er utfyllt f før sjåføren kjem!

Me har merker på innmeldingskontora til retur av skinn og dyr. Me kan sende til dykk, eller sjåføren kan dela dei ut. Det er viktig at dykk set klypene godt i før sjåføren kjem, slik at alt er klart. Skriv også opp øyrenummer på ein lapp om kva som skal i retur og kva skinn som skal til garving. Satsane for  leigeslakt finn du her.

HUSK KSL!

Husk å sjekke at du har KSL i orden før lammesesongen startar!

Fatland leverer mange gode produkter som går under «Nyt Norge»-merke. Matmerk stiller krav om at alle produkt som skal merkast med «Nyt Norge» kjem frå produsentar med godkjent KSL-status.

Det er derfor veldig viktig at alle går inn på sin KSL-side via matmerk.no og sjekkar sin status på KSL.

Her kan du sjå når du utførte siste egenrevisjon, og om du har lukket alle avvik frå ein ekstern revisjon.

Egenrevisjon kan ikkje vera eldre enn 12 månader.

Kjøttprodusenter som ikkje følger opp internkontrollsystemet KSL, eller har avvik, blir trukket 20 prosent i oppgjeret når dei leverer dyr til samtlige norske slakterier.

Dersom du syns egenrevisjon eller lukking av avvik er vanskeleg - hjelper me deg!

Lag plass til lastebilen

Transport av dyr krever plass til dyrebilen. Ein vaneleg dyrebil har ei bredde på 2,5 meter og ei lengde på 12 meter. Fri høgde som dyrebilen trenger er 4,5 meter. Med denne størrelsen krever det god tilrettelegging på vegen til og frå fjøset. Planlegging av gode transport vil vera ulikt fra gard til gard, men det er nokon punkter:

  • Smitte; dyrebilen skal kryssa færrast mogeleg transportvegar som rører fjøset.
  • Godt grunnarbeid, god drenering og bereevne på vegen.
  • Lastepunktet skal vere oversikteleg å rygge inntil.
  • Vegen til og frå fjøset skal vera fri for trær og greiner som slår i bilen eller hindrar sikt.
  • Grinder på lasterampe skal lett kunna sluttast til lastelemma på dyrebilen.
  • Sidan dyr reagerar på miljøendringar som vind og nedbør, bør lastepunktet vera i ly.

Me har full forståelse for at det er vanskeleg å gjera mykje med eksisterande vegar, men ber spesielt om at trær blir skåren slik at bilene ikkje blir skada.

Ta gjerne kontakt med våre gode rådgivera:

Ølen: Hilde K. Håland på e-post eller tlf. 98 24 22 14
Jæren/Oslo: Tore Oftedal på e-post eller tlf. 96 94 61 81. Erlend Yttri: tlf. 90747830
For sauekontrollen: Gerd Skjoldal e-post eller tlf. 95 89 63 34.


Me gler oss til eit godt samarbeid i årets travle haustsesong!

Andre saker