Skjermbilde 2019-12-18 11.18.27

Nytt! Følg med på Fatland Sau 2020

I Fatland er me opptekne av ein god, sunn og berekraftig kjøt- og matvareproduksjon.

I Fatland er me opptekne av ein god, sunn og berekraftig kjøt- og matvareproduksjon.
Me trur på norske råvarer og me trur på den norske bonden. Me er stolte av å vidareforedla dei reine og gode dyra norske husdyrbønder sel til oss.

Det er viktig med kvalitet på produkta og sunn økonomi gjennom heile verdikjeda – frå bonde til ferdig servert mat.

Me ynskjer å bidra med fagleg kompetanse, rådgjeving og hjelp til våre produsentar for å heve resultata ytterlegare!

No er det berre nokre få veker igjen av 2019 – så kjem 2020.

Med å gjera eit lite ordspel ut av det ynskjer me nå å lansera vårt nye «prosjekt» for våre småfebønder: FATLAND SAU = 20 + 20

Kort sagt kan me sei at det er eit godt mål at når hausten kjem skal kvar sau stå att med to levande lam – og at det igjen er eit flott mål at desse to skal slakta seg til 20 kg. kvar. Difor Fatland Sau 2020!

Me trur at dei aller fleste av oss har potensiale for forbetring i det me driv på med. Og gode mål kan hjelpa oss på vegen til å bli betre!

Så korleis kan me klara å oppnå dette?

Me vil i løpet av det neste året setta fokus på alle dei gjeremål og utfordringar som møter oss i sauedrifta vår. Kvar årstid og periode er ulik, og inneheld forskjellige oppgåver og utfordringar (haust – vinter – vår – sommar). Me vil bruka forskjellige kanalar og arenaer for å møte dykk:

  • Møter og samlingar (store og små)
  • Fagartiklar
  • fatland.no og Fatland på Facebook.
  • Gardsbesøk

Velkommen til Fatland Sau 2020!

Kontakt oss gjerne!

Fatland Jæren og Fatland Oslo

Produsentrådgiver Tore Oftedal
Mobil 96 94 61 81
Send e-post

Fatland Ølen

Produsentkontakt Hilde K. Håland
Mobil 98 24 22 14
Send e-post