18835913 1712592942098932 4141997030705519125 n

No kan du søke om produksjonstilskot

Det er føretak som driv med husdyrproduksjon som kan søke. Søknadsfristen er 15. mars.

I søknaden fører du opp talet dyr du disponerer per 1. mars (teljedato).

Meir informasjon om korleis du søker om produksjonstilskot finn du her.

Kva kan eg registrere og søke om tilskot for i mars?
Du kan søke om:

  • Tilskot for husdyr (unntatt bifolk).
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon.
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon.
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon.
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk

Du må også registrere dyr som gir grunnlag for tilskot for avløysing ved ferie, fritid og
tilskot for grovfôrareal.

Her er nokre viktige punkt du som sauebonde må hugse på:

  • Sauer kan du søke på frå 1.mars. Det er no slik at ein søker på tilskot for fjorlamma (begge kjønn) på lik linje med dei vaksne.
  • Frist for å levera søknad om tilskot er 15.mars
  • Produksjonstilskot  på sau 1-150 vfs: 883 kr pr. dyr
  • Produksjonstilskot på sau 151+ : 194 kr pr. dyr
  • Dyretalet ein søker på no 1.mars dannar også grunnlaget for avløysartilskotet.
  • Siste slakteveke lam er veke 14 (30.mars – 3.april)

No må du telja dyra dine.

Hugs å slakte lamma dine før dette!

Etter påske vert fjorårets lam  klassifiserte som ung sau og vêr.

Klikk her for å komma til søknadsskjema.