69211370 2366818390256566 9017822186332749824 n

Me planlegg sauemøter nær deg

Dei kommande månadene blir det fjosmøter ute på gardane.

Her vil du som er saueprodusent i området, og kommunen, bli invitert.

Me tek opp sesongaktuelle tema og bruker dyra i det aktuelle fjoset som utgangspunkt. Verktøya som ligg i Sauekontrollen vil óg vera eit tema å ta opp.

No i haust vil det for eksempel bli aktuelt med tema som avl, vêrar, livdyr og utvikling av flokken.

Me håpar og trur desse fjosmøtene, i tillegg til å gje fagleg påfyll, kan ha ein sosial funksjon der du blir enda betre kjent med oss i Fatland og kanskje nabobøndene óg. Enkel servering.

Invitasjon til desse fjosmøta kjem som SMS til deg når møtestader og -datoar er klare. Ta kontakt med oss om du ikkje får meldingar/SMS frå Fatland.

Fatland Jæren og Fatland Oslo

Produsentrådgiver Tore Oftedal
Mobil 96 94 61 81
Send e-post


Fatland Ølen

Produsentrådgiver Hilde K. Håland
Mobil 98 24 22 14
Send e-post