cute little lambs with sheep on fresh green meadow during sunrise

Prisprognoser for tidliglam våren 2021

Publisert 16.03.2021  kl 13:16

Oppdatert 16.03.2021  kl 14:07

No går det fort mot vår og hjå dei aller tidlegaste har lamminga allereie starta.

Den norske sauen er fruktbar og hjå mange har fosterteljinga vist ganske høge lammatal. Dette betyr at det vert nokre overskotslam (kopplam/ alelam).

Det er lurt å planlegge ein strategi for kva ein skal gjera med desse lamma.

  • Fôre dei intensivt og satse på slakting i mai/ juni ?

  • Eller skal ein ta dei tidleg av melka, få dei over på kraftfôr og grovfor/ beite, slakte dei til «normal» tid saman med resten av lamma?

Det varierer frå gard til gard (ut i frå dyretal, driftsform og ressursgrunnlag) kva strategi som passer best. Uansett vil me no lansere ei prisprognose på lammeslakt i perioden 13.april – 25.juni.

Fatland ynskjer ikkje å stimulera til ei auke i leveranse av tidleglam. Det er fordelaktig at flest mogelg lam vert slakta etter 1.august.

Likevel, på grunn av den gode utviklinga Fatland opplever i slakting og sal av norsk kjøtt, aukar slakteriet utbetalingspris til bonden med 2 kr/kg for tidleg lam i år. Dette er ei positiv utvikling!

Sjå kriterier og prisprognose under:

Ynskjer du som bonde hjelp til å lage ein plan for overskotslamma på din gard, eller har spørsmål om lamminga generelt, ta gjerna kontakt med din slakterirådgjevar.

Ta gjerne kontakt hvis du har spørsmål

Hilde K. Håland

Produsentrådgiver Fatland

Telefon: 98242214

Ta gjerne kontakt hvis du har spørsmål

Tore Oftedal

Produsentrådgiver Fatland

Telefon: 96946181

Andre saker