IMG 4333

Råd om sluttfôring av lam om hausten

Slaktesesongen 2020 har så langt vert god. Fatland har slakta veldig mange gode lam i Ølen, Jæren og Oslo. Så langt har slaktelamma i Fatland vore svært gode, med høge slaktevekter og gode kvalitetsklassar. Dette gjer oss gode råvarer som er veleigna for vidaresal til butikk, industri og restaurantar.

Takk for leveransen til alle gode småfeleverandørar!

Sjølv om sesongen stort sett har vore god, har dei fleste slaktelam gåande att som ikkje er slaktemogne. Spørsmålet er: Korleis få de slaktemogne snarast mogleg?

Her er nokre tips

  • Vaksiner mot pulpanyre. Både slaktelam og livlam/ kåringslam kan med fordel vaksinerast då det ikkje er tilbakehaldsfrist på denne vaksinen.

  • Gode haustbeite kan gje god tilvekst, gjerne i kombinasjon med kraftfôr som støtte. NB: Følg med på trivsel og avføring! Lam som er utrivelige og har laus avføring veks ikkje. Men no i oktober er kvalitet på beitegras redusert dei fleste stader. Det er å anbefale å sette inn slaktelamma no.

  • Innefôring med fri appetitt av kraftfôr, grovfôr og friskt vatn gir fart på tilveksten. Bruk gjerne kraftfôr tilpassa lam – for eksempel Formel Lam Haust (FK) eller tilsvarande. Trapp opp fôringa stegvis. I teorien kan lamma ha ein tilvekst på 10-12 kg i månaden ved slik fòring.

Om du ikkje gjer fri tilgang kan du gje lamma ca.300 gram kraftfôr/ 2-3 gonger daglig.

  • Spesielt små lam (under 35 kg) kan ver fordelaktig å fora inne.

  • Klypp lamma når du set dei inn, då aukar appetitten og dei veks betre.

  • Sorter lamma etter kjønn og størrelse.
  • Sørg for at lamma på sluttfôring er friske og frie for innvendige parasittar. Behandle om naudsynt. Hugs at behandla dyr har tilbakehaldsfrist på levering av slakt (snakk med din dyrlege).
  • Ønskjer du ein plan for sluttfòring i din buskap, eller har andre spørsmål om sau, ta gjerne kontakt med oss!

Hilde K. Håland
Tlf: 982 42 214

Tore Oftedal
Tlf: 9694618

Lykke til!