AdobeStock 250026811

Korleis lykkast med overskotslam?

Lamminga nærmar seg med stormskritt og det er mykje me skal forbereda oss på.

Mange har lyst sauene og veit kor mange lam som kjem, og i mange besetningar er lammetalet langt over to i snitt per sau.

Dette fører til mange overskotslam.

Me anbefaler å ha ein plan på korleis ein skal handtere dyra, og kva slaktetidspunkt ein skal fôre lamma mot.

På grunn av avgrensa marknad på sommarlam/ grillam, ønsker slakteria  færre lam til slakt i mai og juni.

Slakteprisane på tidleglam speglar dette. Derimot har me godt sal, og stort behov for fleire lam når hausten kjem.

Me vil difor anbefala våre gode produsentar å fôre fleire av tidleglamma over sommaren, og slakte dei i lag med haustlamma.

Korleis gjer du då med overskotslamma?

Korleis gjer du då med overskotslamma?

For tidleg slakt:

  • Eit vanleg alternativ er intensiv framfôring og tidleg slakting. Då tek ein overskotslamma tidleg frå mora og set dei på intensiv melkeforing (fri tilgang), ofte heilt til slaktetidspunktet. Mange bruker automat til å gje lamma mjølk her.

For haustslakting:

  • Mange synes det er ei utfordring å la sauen gå med tre lam. Både med tanke på tilvekst på lamma, og at sauen er meir utsett for jurfeil/ betennelse. Eit alternativ er å la sauen gå med tre lam fram til beiteslepp, då tek du frå sauen eit av lamma. Det «tredje» lammet du tek frå sauen held du inne på grovfôr, kraftfôr og vatn.

Her er det viktig at lammet er vand med både grovfôr og kraftfôr før du tek det frå mora.

  • Ta lamma frå tidleg og start med melkeerstatning. Sett fram grovfôr, kraftfôr og vatn tidleg slik at dei gjer seg vande med dette. Ved 4-6 vekers alder (eller 15-17 kg levande vekt) kuttar du melkefôringa tvert. Då vil dei nok «sture» litt, men ganske snart vil dei ete mjøl/ stråfôr og drikka vatn.

Ved strategi to og tre, slepp du lamma ut på grønt beite når anledninga byr seg. Plaser ut ein kraftfôrautomat og la dei gå på fri tilgang gjennom sommaren. Pass også på eit godt regime med snylterbehandling. Bytt gjerne beite på desse lamma regelmessig gjennom sommaren – om det let seg gjera.

Ved å fylgje strategi to eller tre kan ein oppnå:

  • Lite svinn/ låg tapsprosent på kopplamma
  • Redusert forbruk av dyr tørrmelk (men sjølsagt en del kg kraftfor i løpet av sommaren)
  • Relativt lite arbeid
  • Lam slakta til toppris i august. Gjerne klasse R, og 16-24 kg slakt
  • Slakteria kan tilby lam til markedet når etterspørselen er stor

For deg som vil slakte overskotslamma før sommaren, sjå her.

Har du spørsmål kring dette?

Kontakt din rådgjevar

Fatland Jæren og Fatland Oslo
Produsentrådgiver Tore Oftedal
Mobil 96 94 61 81
Send e-post

Fatland Ølen
Produsentkontakt Hilde K. Håland
Mobil 98 24 22 14
Send e-post