DSC 8031

Bli tryggare på dyrevelferd

Bransjen inviterer husdyrbønder til dyrevelferdsseminar laurdag 2. november under Agrovisjon 2019 i Stavanger.

Målet er å gjere bøndene tryggare på dyrevelferd, fordi friskare dyr gir høgare kvalitet.

Laurdag 2. november 2019 kl 10 - 15, Agrovisjon, Stavanger Forum, møterom Vindafjord

Vi har henta inn tre av Noregs fremste ekspertar på dyrevelferd og dyrehelse. Desse er Randi Oppermann Moe frå NMBU Veterinærhøgskolen, og Elisiv Tolo og Harald Holm frå Animalia. I tillegg skal du få høyre Trond Vidar Berge fortelje om dyrevelferd i praksis på hans gard i Gjesdal, Andreas Våge som er psykolog og prosjektleiar i Nortura, samt eit innlegg ved Mattilsynet om regelverkstolking.

Vi håper programmet vil vekke interesse og engasjement, og vi meiner dette er eit seminar du berre må få med deg!

Seminaret blir opna av konsernsjef Terje Wester frå Fatland, møterom Vindafjorden i Stavanger Forum, laurdag 2. november kl 10.00.

Arrangementet er gratis og du treng ikkje å melde deg på.

Program


10.00 Velkomen! Terje Wester, konsernsjef i Fatland

10.10 Kva er dyrevelferd? Randi Oppermann Moe, professor ved NMBU Veterinærhøgskolen

10.50 Dyrevelferd i praksis Trond Vidar Berge, bonde på Nordåsen gard

11.15 Berekraftige val Andreas Våge, prosjektleiar Nortura, bonde og psykolog

11.45 Lunsj og drøs

12.45 Kritiske situasjonar i husdyrhaldet Elisiv Tolo, spesialveterinær i Animalia

  • Riktige val til riktig tid - vurdering av helsetilstand til skadde og sjuke dyr
  • Trygg på nødavliving - ved kva for sjukdomar/skadar skal ein nødavlive store og små
    dyr, og om metodar
  • Driving av dyr frå binge/bås til dyrebil. Korleis lese dyr i stressa situasjonar?

13.45 Beinstrekk

14.00 Smitteførebygging Harald Holm, veterinær i Animalia

14.30 Regelverkstolking Guro Myhrene/Olav Tørresdal frå Mattilsynet
- praktiske eksempel og konkrete svar om m.a. kalvingsbinge, beitekrav, luftegard, hus til
småfe utanom beitesesong

15.00 Slutt

Landbruksdirektør Geir Skadberg er møteleiar.

Arrangørar: Fatland, Nortura, Prima, Tine, Q-meieriet, Rogaland bondelag, Norsvin, Tyr, Rogaland Sau og geit, Rogaland veterinærforening og Fylkesmannen i Rogaland

Kontaktpersonar er:
Rolf Gunnar Husveg tlf 95 20 77 66 fmrorgh@fylkesmannen.no
Eli Munkeby Serigstad tlf 41 41 85 10 fmroese@fylkesmannen.no

LES OGSÅ: Bli med Fatland på Agrovisjon 2019 – den store landbruksmessa  i Stavanger