DSC 4832

Kopplam – korleis lukkast?

Kopplamproduksjonen er ein sårbar produksjon som me finn på dei fleste sauebruka av meir eller mindre omfang. Eit kopplam har i dei fleste tilfelle eit dårleg utgangspunkt då det anten kjem frå eit stort kull, er morlaust eller er teke i frå ei sjuk søye. Uansett årsak har dei ein fellesnevnar som plasserer dei i ei «risikogruppe». Så korleis gje desse lamma best forutsetnad for å klare seg fram mot slakting?

Har du ein planlagt kopplamproduksjon er det viktig å ha ein god strategi på førehand. Velg den som har best forutsetnad til å klare seg i kopplam-bingen, dvs eit friskt og stort lam. Råmjølka er avgjerande – sørg for nok råmjølk av god kvalitet første levedøgn (2 dl. pr. kg. kroppsvekt).

LES MEIR: Lamming: Hardt arbeid gir resultater

Set deg mål med produksjonen

Det er fleire vegar å gå for å nå målet, og målet kan variere mellom bruk. Du kan velge å fòre lamma intensivt mot tidlig slakte-levering og høg kg pris, eller velge ein meir ekstensiv framfòring mot haustslakting. Finn den vegen som passar deg og ditt bruk best!

Fòring

Uansett type framfòring er det viktig å ha kunnskap rundt fòring av unge drøvtyggerar. Oppvekst av feil type bakteriar i vomma er eit vanleg problem som skuldast låg temperatur på mjølka eller at lammet drikk for store mengder mjølk pr måltid.

Begge desse problemstillingane ender med at mjølka ender i vomma i staden for løypen. Feil bakterieflora vil gje ei vom som ikkje fungerer, og ein får dermed dårleg forutnytting og dårleg tilvekst.

Dersom lammet skal venjast av med mjølk, må lammet vera i stand til å ta til seg føde frå anna fòrslag, og bør difor vera godt i gong med inntak av både kraftfòr og grovfòr. Gje difor alltid lamma fri tilgong på desse fòrslaga frå byrjinga, slik at utviklinga av drøvtyggjarfunkjsonen kjem i gong så tidleg som mogleg.

Nedtrapping av mjølkefòr bør skje gradvis og over kort tid. Det er antal fòringar som skal trappast ned, ikkje konsentrasjonen på mjølkeblandinga! Ved utvatna blanding vil lamma drikke meir for å kjenne seg mette, og ein risikerer å få diarè på lamma.

Av-vente lam må plasserast i anna binge så dei er svoltne nok til å ta til seg fast føde, og for å unngå at dei drikk i seg heile nettoen.

Økonomi

Det krev mykje arbeid bak ei inntjening som kan møta kostnadene knytta til kopplamproduksjonen. Det har dei siste åra vore eit godt og aukande sal på mindre lam til grillsesongen, og difor kan slakteribransjen halde høg pris ut til bonden. Ferske råvarer av lammekjøtt i store deler av året er veldig positivt og aukar forbruket totalt sett.

Produktutviklinga av lammekjøtt viser att i butikkhyllene, og lam på grill er populært. Det er samstundes viktig å understreke at ein ønskjer hovedtyngden av lammeslaktet om hausten, då markedet skriker etter norske lam produsert langs fjord og på fjell!

Eit optimalt kopplam er eit lam over 13,1 kg. slaktevekt. Då får bonden grunntilskot og lam av denne storleiken passar godt i sortimentet som grillam. For å oppnå ei slaktevekt på 13,1 kg må lammet vera minst 26-27 kg og i godt hold. Kjenn på ryggen til lammet og vurdèr kjøttmengda. Unge lam har høg tilvekst og slakter seg tilnærma til 50% av levande vekt.

Set deg inn i prisløypa for årslam, og levèr lamma ved best mogleg inntjening!

Eksempel

Eit sauebruk med planlagt kopplamproduksjon hadde i 2013 85 vinterfòra sau. Det vart fødd 196 lam, som gir eit lammetal på 2,3. I denne buskapen vart kopplamma (les; helst værlam) tekne konsekvent frå mora ved to-dagers alder. Erfaringa er at dei då er svært læreviljuge på smokk og har fått tilstrekkeleg med råmjølk.

Dei første vekene fekk lamma lunka mjølkeerstatning åtte gonger i døgnet frå bøtte. Antal fòringar gjekk ned til 4, etter 3 vekers alder, og bøtta vart fjerna etter måltidet for å unngå smokk-tygging!  Det var alltid kraftfòr, høy og vatn tilgjengeleg i bingen, sjølv om lamma dei første vekene var lite interessert. Bonden: «For å lukkast med god tilvekst må ein veta at alle lamma tek seg til smokken og får nok mjølk! Det er altså ikkje godt nok å tru eller gå ut i frå, i denne samanhengen».

Styrken på mjølka vert halden konstant i heile fòringsperioden, og røktar innrømmer at styrken på mjølka held minst anbefalingane på sekken, helst litt i overkant!

Resultat: 17 kopplam med middel lammedato 16.4 slakta seg innan utgongen av juni til 14,4 kg, klasse U- og fett 3-. Gjennomsnitt slaktetilvekst var på heile 186 g pr dag! På dette bruket vert lamma fòra intensivt innandørs heilt fram til slakt.

Oppsummert: Det krev mykje arbeid og faste rutinar for å tjene pengar på overskotslam, men det er utan tvil eit potensiale i sluttmarkedet som kan gagne både slakteri og produsent!

Publisert 01.05.2017  kl 19:40

Oppdatert 22.03.2022  kl 15:41

Andre saker